torsdag 5. november 2015

Alkohol


Alkohol er det vanligaste rusmiddelet i Europa (ung.no). Det finnes mange ulike drikker under kategorien alkohol, men felles for alle inneheld det eit stoff som heiter etanol. Etanol er eit farleg stoff viss du får i deg for mykje. Sjølvsagt går det an å drikke alkohol, men poenget er at du må grensa deg. Du skal ikkje få i deg mykje alkohol før du oppførar deg rart.

Mengdene alkohol i blodet blir målt i promille, som betyr tusendel. En promille betyr altså at en tusendel av blodet er alkohol, det er en gram ren alkohol per liter blod (ung.no). Litt promille er 0,5, sjølv om det er lite er det fortsatt ikkje lov å kjøre fordi promillen påverkar deg. I ein liten mengde kan du få dårlegare minne og problem med konsentrasjonen. Svært mykje promille er 3 eller meir, dette kan vere dødeleg fordi veslehjernen blir alkoholforgifta og den forlengde mergen kan bli lamma. (Ekeland, s75)

I Norge er gjennomsnitt alderen for å drikke alkohol for første gang lav, dei fleste har prøvd det når dei er 14,5 til 15 år. Dette er ikkje heldi fordi det er vist at ca 49% av dei som prøvar alkohol i tidleg alder endar opp med å bli alkoholikarar. (Ekeland, s73) Ein anna ting som er lurt å tenke på er å vite korti det er greitt å drikke. Vi veit alle att du ikkje skal drikke før du er 18, men viste du at du ikkje skal drikke mens du er gravid. Fordi viss ei gravid kvinne drikker alkohol vil barnet få i seg same promillen som mora og dette er svært skadeleg og kan føre til hjerne skader hoss fosteret. (Ekeland, s72)
 

 
Kjelder:

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar