torsdag 5. november 2015

Alkohol


Alkohol er det vanligaste rusmiddelet i Europa (ung.no). Det finnes mange ulike drikker under kategorien alkohol, men felles for alle inneheld det eit stoff som heiter etanol. Etanol er eit farleg stoff viss du får i deg for mykje. Sjølvsagt går det an å drikke alkohol, men poenget er at du må grensa deg. Du skal ikkje få i deg mykje alkohol før du oppførar deg rart.

Mengdene alkohol i blodet blir målt i promille, som betyr tusendel. En promille betyr altså at en tusendel av blodet er alkohol, det er en gram ren alkohol per liter blod (ung.no). Litt promille er 0,5, sjølv om det er lite er det fortsatt ikkje lov å kjøre fordi promillen påverkar deg. I ein liten mengde kan du få dårlegare minne og problem med konsentrasjonen. Svært mykje promille er 3 eller meir, dette kan vere dødeleg fordi veslehjernen blir alkoholforgifta og den forlengde mergen kan bli lamma. (Ekeland, s75)

I Norge er gjennomsnitt alderen for å drikke alkohol for første gang lav, dei fleste har prøvd det når dei er 14,5 til 15 år. Dette er ikkje heldi fordi det er vist at ca 49% av dei som prøvar alkohol i tidleg alder endar opp med å bli alkoholikarar. (Ekeland, s73) Ein anna ting som er lurt å tenke på er å vite korti det er greitt å drikke. Vi veit alle att du ikkje skal drikke før du er 18, men viste du at du ikkje skal drikke mens du er gravid. Fordi viss ei gravid kvinne drikker alkohol vil barnet få i seg same promillen som mora og dette er svært skadeleg og kan føre til hjerne skader hoss fosteret. (Ekeland, s72)
 

 
Kjelder:

onsdag 4. november 2015

Ungdom, kropp og mote

Ungdommar er så forskjellige frå person til person, men noko som fortsatt nesten alle ungdommar har til felles er det med mote. Folk er opptatt av å ikkje skilje seg ut frå andre og faktisk vera så lik alle andre som mogleg. Der det hos nokon er viktig å følgje «siste mote», mens hos andre så er det kult å gå i jogge klede, skjørt eller kanskje skjorte , det er rett og slett så forskjellig att det ikkje er til å forstå. Det med utsjåande og vekt er nok også noko som går igjen i ungdomskulturen, der det gjelder å vere så tynn som mogleg, vere sterkast mogleg eller å operera ansiktet til det ser heilt perfekt ut. Men spør du meg er ikkje noko av dette perfekt, ingen er perfekte, alle er ulike og det er det som er så bra! Fordi kva er det som er bra med og vere lik alle andre, å ikkje tåre vere seg sjølv. Ungdommen er noko du kun har ein gong i livet, då er det ikkje vits i å bruke denne tida på å vere nokon du ikkje er, er du ikkje einig?




Tenk på dei som prøvar å vere nokon andre og alt dei gjør for å forbetre seg sjølv er det vert det? Fordi måten folk gjør det på er så fæl, tynne jenter meina dei er for tjukke og kan få anoreksi og bulimi som er to typar eteforstyrringar, gutar brukar alt for mykje tid på å få ein muskuløs kropp og kan utvikle megareksi nettopp fordi dei trenar for mykje.  

Eg trur at du heilt sikkert veit att det er feil å prøve å endre heile deg å bli ein ny, men tenk på alt det der ute som påverka oss. Folk på reklamer, modeller, det er jo faktisk dei vi kallar «perfekte» ikkje rart vi vill bli slik. Perfekt hud, vell trenet kroppar,  Tenk deg litt om når du ser på framsida av eit magasin, der ser du nok ein «perfekt» person, men trur du eigentlig det er slik han eller ho ser ut?


Kjelder + bilete:
http://rle-nett-nynorsk.cappelendamm.no/enkel/seksjon.html?tid=1316342&sec_tid=1249154



torsdag 29. oktober 2015

Ungdomskultur

I dag er ungdomskulturen heilt annleis en den ein gong var, før var det ein litt meir felles kultur i og med at det ikkje var det same utvalet før og no. Slik som når rock kom blei det ein populær musikkform som nesten alle ungdomar høyrte på, mens no er det så variert frå country til pop.



Ungdomskulturen oppstod på 1950-tallet og har utvikla seg utrulig mykje i etterkant. Ungdomskulturen er til for at det skal vere noko mellom barn og vaksen der vi på ein måte førebur oss på å bli vaksen å ta val. 

Samtidig så skal ungdommen vere ei tid der du skal ha det spanande og gildt utan å tenke på framtida. Fordi dette er som sagt er ei tid til å ha det kjekt. Du kjenner deg kanskje litt igjen når eg seier at i ungdommen er vi spesielt opptatt av å klare oss sjølv å bestemme meir over våre eigne liv. Det er også denne tida vi sklir meir og meir bort frå foreldra våre.

Ungdomskulturen blir også delt inn i ulike grupper fordi det finst ikkje ein stor ungdomskultur, men mange små. Slik som det ikkje finst ein stor venne gjeng, men mange små fordi folk er forskjellige og har forskjellige interesser. 

Kjelder:
 

mandag 26. oktober 2015

Klassemiljøet


Klassemiljøet er viktig!
 
Klassemiljøet er ein ting som folk ser på forskjellig frå person til person, og eg sjølv syntes at dette er veldig viktig. Fordi det med å ha eit bra klassemiljø er faktisk også viktig for å få lære noko, har du noko gong tenkt på det?
 
Eg sjølv går i ein klasse med eit veldig godt klassemiljø, men eg trur ikkje eg hadde hatt det godt om det ikkje var slik og karakterane ville gått ned med meg. Eg kan sjå føre meg å ver i ein klasse der eg for eksempel aldri gjør bra framføringar fordi eg er livredd for at dei andre tenker stygt om meg. Eller at eg sitter og lurer på ting eg ikkje tørr å spør om fordi eg er redd for at dei andre vill gjøre narr av meg. Då tenker du kanskje at det skriftlege går bra, men viss du bare går ut med gode karakterar i prøvar og slikt så kan det også sette eit ubehagelig rykte på deg. Her ser du nokon av grunnane til kvifor klassemiljøet er så viktig, du har kanskje ikkje tenkt så mykje på dette før, men eg håper du tenker litt over det neste gong nokon spør eit dumt spørsmål.




Sjølv om vår klasse har eit bra klassemiljø så er det jo alltid ting vi kan bli bedte på. Slik som når ein elev får kjeft av læraren trenger ikkje du å slenge med ennå ein frekk kommentar. Eller tenk på når du snakkar høgt i timen, då hadde ikkje du likt at alle andre var opptatt med å snakke med naboen. Så dette med klassemiljø handlar eigentleg om å ha respekt for medelevene, og vist du kjenar deg igjen i dette så syntes eg du bør tenkje deg litt om før du gjør det igjen.
Fordi tenk så mykje av livet ditt du brukar på skulen, frå morgon til kveld i mange år. Då skal ikkje dette vere ein plass du er redd for å gå, ein plass du ikkje får vere deg sjølv.

Bildekjelde:
https://twitter.com/inondal/status/633567658991075328
 

torsdag 15. oktober 2015

OD – dagen 2015


OD– dagen nærmar seg veldig nå og eg gleder meg som vanleg, eg syntes det er fint å bruke dagen på å tene pengar til nokon som verkeleg treng det.

Operasjon Dagsverk er ein dag vi har ein gong i året, alle ungdomsskuler i landet deltar i. Ungdomane bruker dagen sin på å jobbe å tene pengar til ein god sak.  

OD-prosjekt skal gå til Amnesty International Norges arbeid for seksuelle og reproduktive rettigheter i Chile, Peru og Argentina. Der kvinner spesielt er undertrykket og blir misshandlet stadig vekk, Tenårings jenter får ikkje opplæring om sex og veit derfor ingenting om det.  Dette fører til at tenåringsjenter blir voldtekt og blir gravide i ein alder på 15 år. I tillegg får dei ikkje lov å ta abort og det ender opp med at fleste parten må slutte på skule fordi dei har plutseleg eit barn og passe på. eg syntes dette er fælt å høyre om og er glad for at pengane går der, eg håper verkeleg det vil hjelpe personene som treng det og håper at det blir betre etter kvart. Fordi ingen skal leve slikt det er jo heilt fælt. Dei lever utan ein viktig menneskerettigheit, og menneskerettigheiter er rettar som alle skal ha, noko som alle har krav på, så eg håper verkeleg det blir betre.

Eg har tenkt å bruke min OD – dag i Haugland Gards barnehage, dette er ein privat barnehage på Hognestad. Eg var her i fjor også og eg likte meg veldig godt, eg syntes det er kjekt og vere med små unger.

Kjelder:
http://www.od.no/Nyheter/Amnesty-fikk-OD-2015

mandag 12. oktober 2015

Menneskerettane

Hei i dag skal eg skrive litt om menneskerettane.
Menneskerettigheter er grunnleggande rettigheter alle mennesket har, uansett kjønn, religion, alder eller nasjonalitet.
(http://www.fn.no/Tema/Menneskerettigheter/Hva-er-menneskerettigheter 12.10.15)
 Nokon av reglene er at alle barn har rett til skulegang, folk har rett på arbeid, rett til liv og sikkerheit, rett til rettferdigheit og skal straffes bare etter lov og dom og retter til å seie å skrive det du meiner utan å angripe ein person direkte.


Eg meiner at menneskerettane er dei viktigaste rettane vi har, fordi utan dei trur eg ikkje at det hadde vert eit bra samfunn å leve i. det er sjølvsagt ikkje alle plasser dei klarer å følgje reglene, men om dei hadde så er eg heilt sikkar på at dei hadde fått det bra etterpå. Vi i Norge er så heldige at vi har det ganske bra, rett å slett så har vi det vi trenger. Vi har aldri kjent på korleis det føle å leve i eit land der du aldri føler deg trygg, eller kor du går rundt å svelt. Tenk på dette litt, kan du tenke deg korleis Norge hadde vert utan desse rettane, hadde du syns det var kjekt?
Kjelder:
http://www.fn.no/Tema/Menneskerettigheter/Hva-er-menneskerettigheter

torsdag 1. oktober 2015


Hei!
Eg heiter Hanne Haukland og er ei 14 år gammal jente fra Jæren. På mi fridtid liker eg å spille handball og fotball, og på fotballen er eg keeper. Eg bruker også mykje av fritida mi på å teikne.